Charter / blåtur

Vi tilbyr spanande turar langs Vestlandskysten for private og bedrifter. I Solund sin skjærgard med sine fleire hundre øyer er mannskapet lommekjent og kan gje sine kundar ei flott båtoppleving i dette vakre området.

Vi har også gode samarbeidspartnarar innanfor overnatting og matservering. Om ein ynskjer ein sightseeingtur i den spanande vestlandske skjærgarden, eller om ein vil strekkje turen over fleire dagar med matservering og overnatting i vakre maritime omgivnader, kan vi saman med våre samarbeidspartnarar lage turar for einkvar smak!

Dersom du ynskjer eit tilbod for ei fantastisk oppleving i og rundt Solund sine mange øyer tar du kontakt med oss og vi lager eit opplegg for ein tur som tilfredstiller dine ynskjer!